Dei Beste Damene

Dei beste damene er hardingfelespelarane Anne Hytta, Synnøve S. Bjørset og Åse Teigland. Dei ga ut CDen Soli hausten 2010. Den vart heidra med folkelarmprisen i klassa for soloutgjevingar på folkelarm september 2011.
Konserten på Ekspedisjonen på Lofthus vert og ein del av innviing av den nye scena. Det blir spanande for både arrangørar, musikarar og publikum å få testa både akustikk og funksjon.
Konsertane til Dei Beste Damene inneheld beinhard trad, og damene håpar dei kan vere med og vise det store personlege rommet som finst i denne musikken.


