Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt (mandag 26. oktober 2015). Les mer om roperten…

Per Bolstad i ord og tonar

Lørdag 14. november 2015 kl. 18.00, Fiskåbygd

Konsert og danseoppvisning i Fiskå ungdomshus

Unge dansarar og kjende musikarar saman i formidling av slåttekomponisten Per Bolstad (1875-1967) sin musikk. Haustens høgdepunkt!

Eleganse opp og i mente skreiv Sunnmøresposten etter at trekkspelaren Håvard Svendsrud med ensemble hadde konsert i Arbeideren i sommar. På programmet stod musikk av slåttekomponisten Per Bolstad. 14. november kjem dei til Vanylven!

Det er med stor glede og forventning at Svendsrud i november tek suksessprogrammet med seg til Fiskå ungdomshus der han vonar at det skal verte ein hyggeleg og minnerik kulturkveld til glede for små og store. Leikarringen skal vere med, og med det ligg alt til rette for eit spanande og unikt møte mellom unge dansarar, kjende musikarar og gammal musikk. Undervegs i konserten vil Håvard Svendsrud fortelje om Per Bolstad sitt virke som musikar og komponist.

Medverkande:

Leikarringen til Fiskå frilynde ungdomslag

Håvard Svendsrud, trekkspel
Bente Midtsveen, trekkspel
Arvid Engegård, fiolin
Stig-Ove Ose, bratsj
Stein Medby, gitar
Arman Guthushagen, kontrabass

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene
Vist 75 ganger. Følges av 1 person.

Var du med?

En anbefalte Person_gray

Hvor skjer det?