Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Telemarkher (tirsdag 27. oktober 2015). Les mer om roperten…

Tokso på Kaffibaren

Torsdag 5. november 2015 kl. 20.00, Kaffebaren på Rauland

Kjærleik og varme frå fyrste bogadrag!

Når Anne Hytta og tre andre Tokso-damer frå fire kantar av Europa kjem saman, blir ikkje mindre enn 53 strenger sette i sving i heftig samspel. Det er folkemusikk slik du aldri har høyrt før. Torsdag 5. november kjem den utradisjonelle strykekvartetten til Kaffebaren i Rauland!

Tokso er ein strykekvartett med eit klangbilete lydarane ikkje har høyrt før. Hardingfelespelar Anne Hytta grunnla for sju år siden Tokso med den greske liraspelaren Kelly Thoma og franske Eléonore Billy på nyckelharpe, og i dag er belgisksvenske Leonor Palazzo cellist i kvartetten.

- I 2008 ble eg beden om å setje sammen eit nytt prosjekt til ein festival i Oslo. Musikarane i Tokso kjende eg frå før frå tidlegare samarbeid, og eg tenkte at samansetjinga av disse musikarane ville vera spanande musikalsk og ein suksess i personkjemi. No, sju år etter, synest eg at eg fekk rett i båe delar – det var kjærleik frå fyrste bogadrag! Det er ikkje alltid lett å organisere ei gruppe med medlemmer frå fire delar av Europa, men musikken og møta mellom oss set me svært høgt personleg. Tonane me spelar saman er det berre me som delar, og det er alltid kjærkome å dele tid og musikk saman, seier Anne Hytta i ensemblet.

Musikarane i Tokso spelar på strykeinstrument frå europeiske folkemusikktradisjonar, som den norske hardingfela, den svenske nyckelharpa og den greske liraen. Alle disse instrumenta har understrenger, som gjev ein rik og fyldig klang. Celloen har Tokso sams med ein vanleg strykekvartett, den gjev botn og djupleik i lydbildet. Musikken til Tokso blir laga av alle medlemmene i kvartetten, og er farga av den svært ulike bakgrunnen dei fire damene har. Her har me gresk gresk kraft og temperament, nordisk melankoli og fransk eleganse. Det er Kaffibaren på Rauland som står bak arrangementet i samarbeid med Folkemusikkscena.

Vist 41 ganger. Følges av 1 person.

Var du med?

En anbefalte Person_gray

Hvor skjer det?