Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Telemarkher (onsdag 4. november 2015). Les mer om roperten…

Viser i sentrum

Fredag 13. november 2015 kl. 19.00, Kaffibaren, Rauland

SUDAN DUDAN / SPRING DU FELA
På fredagskvelden den 13. november, står det i år to grupper med folkemusikkprofil på programmet. Publikum vil her få gjenhøyr med den kjende folkemusikkduoen Sudan Dudan. Duoen, som her har vorte ein trio, har røter i Valdres, og møtet mellom Marit Karlberg og Anders Røine sine stemmer er gripande og sterkt. Legg du til gitar, munnharpe og langeleik, får du eit uforgløymeleg møte mellom skillingsviser, slåttestev og balladar som tar utgangspunkt i norske folketonar, men som tydeleg er inspirert av amerikansk old-time musikk og vestafrikansk ørkenblues. Og med seg på laget har dei to Anders Bitustøyl, bassist med røter i Rauland. Her kan du lene deg tilbake og la deg bli forført av finslipte, sarte tonar og tekstar som stikk djupt i sjela
Same kveld presenterast eit nytt og spennande prosjekt med tittel «Spring Du Fela» i regi av felespelaren Mari Skeie Ljones. Her får gamle spelemannshistorier nytt liv gjennom nyskrivne tekstar av samtidspoetar. Mari Skeie Ljones har servert diktarane historier om folkemusikarar og dansarar frå Gudbrandsdalen, og har fått tilbake korte, lange, dramatiske, triste og glade tekstar frå poetane Cornelius Jakhelln, Gaute Sortland, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Sigrid S. Botheim og Torbjørn Ljones. Dette nye materialet har Mari Skeie Ljones, Camilla Granlien og Gaute M. Sortland komponert musikk til – og resultatet har blitt til «Spring du fela» – eit resultat som er vakkert og fengjande; utfordrande og krevjande!
Viser i sentrum takker årets sponsorar!

Tinn Sparebank, Raulandsakademiet, Vinje kommune, Folkemusikkscena på Rauland, Folkeakademiet Rauland, Rauland skisenter og Kaffibaren

Vist 54 ganger. Følges av 1 person.

Var du med?

En anbefalte Person_gray

Hvor skjer det?