Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Telemarkher (onsdag 4. november 2015). Les mer om roperten…

Viser i sentrum

Lørdag 14. november 2015 kl. 19.00, Kaffibaren, Rauland

ROBBIE BANKES / JOHNNY KVÅLE BJERK
Laurdag kveld vert det fyrst internasjonale tonar, der me får møte canadiske Robbie Bankes. Med eige akkompagnement på gitar, fele og banjo syng han både i old-time og i singer-songwriterstil. Den unge artisten frå Calgary har høg profil i heimlandet. Han er nominert i klassa «Young performer of the year» for 2015 med sitt album «Through February Snow» i den prestisjetunge Canadian Folk Music Awards. Robbie er for tida student ved Høgskolen i Telemark på Rauland.
Singer-songwriterstil og blir det òg når Johnny Kvåle Bjerk tek det heile heim til Vest-Telemark. Han er fødd og oppvaksen i Høydalsmo med ein far som spela blues i kjellaren. Sjølv spela han fele før gitaren tok over. No syng han eigne songar og bluesinspirerte viser på heimleg dialekt. Johnny har vore med i NRK P3 sitt «Urøyrt»-konsept.
Viser i sentrum takker årets sponsorar!

Tinn Sparebank, Raulandsakademiet, Vinje kommune, Folkemusikkscena på Rauland, Folkeakademiet Rauland, Rauland skisenter og Kaffibaren

Vist 65 ganger. Følges av 2 personer.

Var du med?

2 anbefalte Person_grayPerson_gray

Hvor skjer det?